Straffespark.no

Keeperkongen

Den tredje boka om Barcelona-gjengen er her!

Det er ingen i Barcelonagjengen som liker å stå i mål, men ingen hatar det så mykje som Aleksander. No er det hans tur igjen, sjølv om dei tapte 7-0 sist han måtte vere keeper… Denne gangen har trenaren henta inn eksperthjelp til treninga. Kan Keeperkongen lære Aleksander å ta ballen med hendene?

Judith Sørhus Litlehamar anbefalar boka i Pirion (avis for barnehagar og skule):

“Gode og tydelege illustrasjonar og ein lettlesen tekst gjer historia lett å få med seg, også for dei minste lesarane. Mange har kanskje opplevd ein litt for engasjert fotballtrenar, og mange har nok fått vondt i magen når dei tenkjer på noko dei må gjere som dei ikkje har lyst til. Boka seier mykje om at me alle er ulike, og at alle kan noko, men at ingen kan vere gode til alt.”

Boka er som vanleg illustrert av Henning Lystad.

Kjøp på Haugenbok.no!

4/08, 2011