Straffespark.no

Om Barcelona-gjengen

Barcelona-gjengen er Leo, Aleksander, Mathias, Eivind, Kim og Moa. Og kanskje Birk dersom han får lov til å vere med i gjengen.

9-åringane speler for Komet I.L., men det er Barcelona som er heltane deira, ikkje femtedivisjonsspelarane på Komet sitt A-lag.

Minst like glad i Barcelona er Sara og Martino Knudsen. Dei er foreldra til Leo og trenar gjengen.

Dei to første bøkene i serien kom ut i september 2011. Etter det har det komme to til, og hausten 2019 kjem den femte: Robot-Birk. Bøkene om Barcelona-gjengen er omsett til svensk og sørsamisk.

Bøkene om Barca-gjengen finst også i digitale versjonar med opplesing i Samlaget sin Leseland-app. Last ned Leseland frå Appstore eller GooglePlay!

7/05, 2019