Straffespark.no

Alle Barca-bøkene i nytt opplag!

turne

Dei tre første bøkene om Barcelona-gjengen blir med i Leseland-serien til Samlaget, og kjem i nye utgåver denne veka, medan bok fire – Matias Maradona – har vore utseld og kjem i nytt opplag. Det totale opplaget til serien er no over 13000 eksemplar.

Leseland er bøker med gode historier presentert ved enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapt for å stimulere og inspirere ferske lesarar. Alle fire bøkene om Barcelona-gjengen er også del av Leseland-appen du kan laste ned i Appstore og Google Play.

Bok 1: Birk og Barcelona-gjengen

Birk og Barcelona-gjengenBirk er ny i byen og på leit etter nokon å spele fotball med. Etter å ha bede helten Messi om hjelp møter han Barcelonagjengen, seks gutar som er minst like glade i fotball og Barcelona som han sjølv. Men har dei plass til ein ny spelar på laget? Birk må verkeleg vise kva han er god for!

Då dei to første bøkene i serien kom ut, skreiv Lars Gilberg i Vårt Land:

«[T]eksten er så lett, ledig og poengtert […] Henning Lystad har illustrert bøkene med tegninger som sparker fra.

Skulle noen foreldre oppdage at disse bøkene fenger, anbefaler jeg å gå til innkjøp av Max Lundgrens klassiske serie «11 mann i angrep» (fire bøker om det svenske laget Åshöjden) som utkom på slutten av 60-tallet. Disse er kanskje den beste fotballitteratur som er utgitt for ungdom på norsk. Men man bør nok være tenåring før man får fullt utbytte av dem. Bøkene om Barcelonagjengen kan dermed være eminent oppvarming for aldersgruppen under. Berge skriver underholdende, men han fletter også inn et budskap som Lionel Messi helt klart ville gått god for.»

Boka er også ute på svensk med tittelen En i laget.

AllemanniforsvarBok 2: Alle mann i forsvar!

Barcelona-gjengen skal spele mot Storebø, det einaste laget i byen dei aldri har vunne mot. Men når trenarane bestemmer at dei skal spele alle mann i forsvar, må Leo gjere opprør. Trenarane er nemleg foreldra hans, og han må få dei til å forstå at Barcelona-gjengen hatar å spele feigt.

Boka er også ute på svensk: Inget fegspel.


Bok 3: Keeperkongen

Det er ingen i Barcelona-gjengen som likar å stå i mål, men ingen hatar det så mykje som Aleksander. No er det hans tur igjen, sjølv om dei tapte 7-0 sist han måtte vere keeper … Denne gongen har trenaren henta inn eksperthjelp til treninga. Kan Keeperkongen lære Aleksander å ta ballen med hendene?

Då boka kom ut skreiv Petra J. Helgesen på nynorskbok.no:

Keeperkongen“Det går ikkje heilt slik vi trur, utan at eg skal røpe for mykje, men det er klart det ordnar seg for Barcelona-gjengen denne gongen også. «Keeperkongen» følgjer med andre ord opp den seriøse og positive tonen frå dei to førre bøkene. I denne serien er fotball viktig, gøy og lettlese – i den rekkjefølgja.”

Heile meldinga kan du lese her.

Bok 4: Matias Maradona

Barcelona-gjengen skal spele cup. Endeleg skal dei få møte FK Maradona! På skulen har alle snakka om cupen heile veka. Men så skjer det utenkjelege: Matias rekk ikkje bussen. Han har blitt gløymt att av sitt eige fotballag!

Matias er lei av å bli gløymd, lei av å sitje på benken og lei av å ikkje bli bytt inn. Så kva gjer han når han blir spurd om å spele spiss på FK Maradona?

MatiasMaradona

12/09, 2015