Straffespark.no

Matias Maradona

9788252186185 framside

Barcelona-gjengen skal spele cup. Endeleg skal dei få møte FK Maradona! På skulen har alle snakka om cupen heile veka. Men så skjer det utenkjelege: Matias rekk ikkje bussen. Han har blitt gløymt att av sitt eige fotballag!

Matias er lei av å bli gløymd, lei av å sitje på benken og lei av å ikkje bli bytta inn. Så kva gjer han når han blir spurd om å spele spiss på FK Maradona?

Du kan kjøpe boka på f.eks. haugenbok.no.

Den fjerde boka om gjengen er som dei tre første illustrert av Henning Lystad. Bøkene om Barca-gjengen er forresten frå og med no ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Matias Maradona høyrer heime på nivå tre. Les meir om dei ulike nivåa under, sjekk ut dei andre bøkene på Samlaget sine nettsider, og ikkje minst: Last ned Leselandappen frå Appstore eller GooglePlay.<

19/01, 2015