Straffespark.no

Monsterboka

monsterside

Saman med 19 andre forfattarar har eg skrive ei historie til Skald forlag sin fjerde antologi med forteljingar for barn. Boka handlar ikkje om Barcelona-gjengen, men om monster.

I serien med nyskrivne forteljingar for barn, fanst Trøysteboka, Godnattboka og Eventyrboka  frå før, og no kjem altså Monsterboka. Mi historie – “Gi meg eit monster!” – er fortalt av Maria som har ei søster som er lei av at alle ønskjer seg det same til jul …

Før eg fortel om monsteret, må eg nemne noko Jenny sa. Det var i desember. Vi hadde juleavslutning på skulen, og læraren spurde kva vi ønskte oss til jul. Halve klassen svarte akebrett. Den andre halvparten ville ha ponni. Eg ønkste meg eigentleg eit akebrett, men fordi alle dei andre jentene ønskte seg ponni, sa eg òg at eg ønskte meg ein ponni.
Jenny lente seg mot meg.
– Du berre hermar etter dei andre jentene, kviskra ho. – Eg skal fortelje mamma og pappa at Jesusbarnet ønskjer seg ein ponni til jul.

Jenny og eg er altså søstre. Alle trur vi er tvillingar fordi vi går i same klasse, men Jenny er fødd i januar, og eg er fødd i desember. 24. desember, faktisk. På julaftan. Det er derfor Jenny kallar meg Jesusbarnet, sjølv om eg eigentleg heiter Maria.

– Jenny!
Læraren klappa i hendene. Det var Jenny sin tur til å fortelje kva ho ønskte seg.
– Eg vil i alle fall ikkje ha akebrett eller ponni, svarte Jenny. – Utruleg kjedeleg at alle ønskjer seg det same!

… og ein bestefaren som påstår at han har jobba i ein ekte monsterhage i Italia:

– Høyrde du det, Jesusbarnet? Bestefar har møtt eit ekte monster!
Ikkje berre eitt, sa bestefar. – Mange monster! I alle fasongar. Silkemjuke og slimete. Nokre hårete. Andre skrukkete som kattar utan pels.
Han sette seg ned i sofaen med ein arm rundt kvar av oss.
– På alle kantar var det skumle skapningar som stakk hovuda ut av bura sine og glefsa etter meg. Eg vart livredd og klatra opp i nærmaste tre. Og så høyrde eg eit enormt latterbrøl. Det beste monster veit, er nemleg å skremme folk, og dei ler seg nesten i hel når dei får det til.

Les meir om serien på forlaget sine nettsider.

Monsterboka er illustrert av Gunvor Rasmussen. Nettsida hennar finn du her.

9/10, 2013