Barcelona-gjengen

Barnebokserien som tar fotball på like stort alvor som barna dine gjer ⚽️

Sagt om bøkene

«For ein lesar i utvikling er bøker som Robot-Birk og serien om Barcelonagjengen minst like viktige som fotball. Det seier ikkje lite.» 


Janne Karin Støylen, Dag og Tid

Bøkene

Birk og Barcelona-gjengen

Birk er ny i byen og på leit etter nokon å spele fotball med. Etter å ha bede helten Messi om hjelp møter han Barcelonagjengen, seks gutar som er minst like glade i fotball og Barcelona som han sjølv. Men har dei plass til ein ny spelar på laget? Birk må verkeleg vise kva han er god for!

Alle bøkene i serien er illustrert av Henning Lystad.

Kjøp boka her

Alle mann forsvar!

Barcelona spelar aldri feigt! Så kva gjer Barcelona-gjengen når dei får beskjed om å spele alle mann i forsvar? Barcelona-gjengen skal spele mot Storebø, det einaste laget i byen dei aldri har vunne mot. Men når trenarane bestemmer at dei skal spele alle mann i forsvar, må Leo gjere opprør. Trenarane er nemleg foreldra hans, og han må få dei til å forstå at Barcelona-gjengen hatar å spele feigt.

Kjøp boka her

Robot-Birk

Barcelona-gjengen er klare for årets første kamp, men så må Birk på sjukehus. Det er krise. Han har gleda seg til å spele kamp heile vinteren. No får han ikkje sett kampen eingong! Korleis skal vennene greie å få han ut frå sjukehuset og ned på fotballbana?

Kjøp boka her

Matias Maradona

Fjerde bok i serien om Barcelona-gjengen! Bøker som tek fotball alvorleg og set spelet i sentrum Barcelona-gjengen skal spele cup. Endeleg skal dei få møte FK Maradona! På skulen har alle snakka om cupen heile veka. Men så skjer det utenkjelege: Matias rekk ikkje bussen. Han har blitt gløymd att av sitt eige fotballag! Matias er lei av å bli gløymd, lei av å sitje på benken og lei av å ikkje bli bytt inn. Så kva gjer han når han blir spurd om å spele spiss på FK Maradona?

Kjøp boka her

Keeperkongen

Barcelona-gjengen byter dei på å stå i mål. Aleksander gruar seg, for sist han sto i mål tapte dei 7-0. No har trenaren henta inn eksperthjelp for å sjå om det kan hjelpe.

Kjøp boka her

Skal du på bilferie med barn som elskar fotball i sommar?

🎧 Hør bøkene om Barcelona-gjengen på Fabel, Storytel, Bookbeat eller i Nextory-appen!

Vinnar av Storytel Awards, Anderz Eide, les 🤩